38 [trettiåtte] |
I drosja
|
![]() |
38 [שלושים ושמונה] |
||
במונית
|
| |||||
Kan du vere snill og tinge ei drosje?
| |||||
Kva kostar det til togstasjonen?
| |||||
Kva kostar det til flyplassen?
| |||||
Køyr rett fram her, er du snill.
| |||||
Køyr til høgre her, er du snill.
| |||||
Køyr til venstre ved hjørnet, er du snill.
| |||||
Eg har det travelt.
| |||||
Eg har god tid.
| |||||
Kan du køyre litt saktare?
| |||||
Kan du stoppe her?
| |||||
Vent litt, er du snill.
| |||||
Eg er straks tilbake.
| |||||
Kan eg få kvitteringa?
| |||||
Eg har ikkje småpengar.
| |||||
Ver så god, du kan få resten.
| |||||
Køyr meg til denne adressa, er du snill.
| |||||
Køyr meg til hotellet, er du snill.
| |||||
Køyr meg til stranda, er du snill.
| |||||
SpråkgeniDei fleste menneske gledar seg over å kunne lære eit framandspråk. Men det finst menneske som meistrar over 70 språk. Dei kan prate alle desse språka flytande, og skrive dei korrekt. Du kan altså seie at det finst hyperpolyglotte menneske. Fenomenet å vere fleirspråkleg har vore kjent i mange hundre år. Det finst fleire historier om menneske med ei slik gåve. Kor denne gåva kjem frå, er ikkje nøye utforska. I vitskapen finst det til no fleire teoriar. Nokon meiner at hjernen til fleirspråklege har ein annan struktur. Denne skilnaden ser spesielt tydeleg i Brocas område. I dette området i hjernen blir språket til. Hjå fleirspråklege er cellene i dette området annleis oppbygde. Det er mogleg at dei difor kan handsame informasjon betre. Det finst ikkje fleire studiar som kan stadfeste dette. Kanskje har berre ein spesielt høg motivasjon noko å seie. Born lærer framandspråk særs raskt frå andre born. Det er fordi dei gjerne vil vere med i leiken. Dei vil vere ein del av gruppa, og vil kommunisere med andre. Læremeistringa deira avheng dermed av viljen til å bli inkludert. Ein annan teori peikar på at hjernemassen veks når vi lærer. Dermed blir det enklare å lære di meir vi har lært. Språk som er like einannan, er òg lettare å lære. Den som snakkar dansk, kan snøgt lære svensk eller norsk. Mange spørsmål har enno ikkje noko svar. Det som er sikkert, er at intelligens ikkje spelar noko rolle. Mange menneske snakkar mange språk trass lågare intellingens. Men sjølv det største språkgeni treng mykje disiplin. Og det er til trøyst, ikkje sant? |
Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only! LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here. Imprint - Impressum © Copyright 2007 - 2020 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved. Contact book2 nynorsk - hebraisk for nybegynnere
|