Learn Languages Online!

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   japansk   >   Innholdsfortegnelse


30 [tretti - tredve]

På restaurant 2

 


30 [三十]

レストランで2

 

 

 Click to see the text! arrow
  
Ein eplejus, er du snill.
Ein brus, er du snill.
Ein tomatjus, er du snill.
 
 
 
 
Eg vil gjerne ha eit glas raudvin.
Eg vil gjerne ha eit glas kvitvin.
Eg vil gjerne ha ei flaske musserande.
 
 
 
 
Likar du fisk?
Likar du oksekjøt?
Likar du svin?
 
 
 
 
Eg vil gjerne ha noko utan kjøt.
Eg vil gjerne ha ein grønsaksrett.
Eg vil gjerne ha noko som ikkje tek lang tid.
 
 
 
 
Vil du ha ris til?
Vil du ha pasta til?
Vil du ha poteter til?
 
 
 
 
Det smakar ikkje godt.
Maten er kald.
Det var ikkje det eg tinga.
 
 
 
 


Språk og reklame

Reklame er ein spesiell form for kommunikasjon. Han vil opprette kontakt mellom produsentar og kundar. Som all annan form for kommunikasjon, har reklamen ei lang historie. Allereie i antikken vart det reklamert for politikarar eller tavernaer. Reklamespråket bruker spesielle element frå retorikken. Fordi det har eit mål, og difor er planlagt kommunikasjon. Meininga er at vi skal bli merksame, og at interessa vår skal bli vekt. Framfor alt skal vi få lyst på produktet, og kjøpe det. Difor er reklamespråket oftast særs enkelt. Berre nokre få ord og enkle slagord blir brukte. Slik skal tankane våre lett kunne lagre innhaldet. Visse ordtypar, slik som adjektiv og superlativ, er vanlege. Dei skildrar produktet som særskilt bra. Reklamespråket er difor oftast veldig positivt farga. Det er interessant at reklamespråket alltid er påverka av kulturen. Det tyder at reklamespråket seier mykje om samfunn. I dag dominerer uttrykk som «ung» og «vakker» i mange land. Ord som «framtid» og «sikkerheit» er òg vanlege. Særleg i vestlege samfunn blir engelsk mykje brukt. Engelsk går for å vere moderne og internasjonalt. Dermed passar det bra til tekniske produkt. Element frå romanske språk står for nyting og lidenskap. Dei blir gjerne brukte for mat eller kosmetikk. Dei som brukar dialektar, vil framheve verdiar som heim og tradisjon. Produktnamna er ofte neologismar, altså nylaga ord. Oftast tyder dei ingenting, dei har berre ein fin klang. Men mange produktnamn kan skape karrierar! Namnet på ein støvsugar har til og med vorte eit verb på engelsk – to hoover!

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2020 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - japansk for nybegynnere