Learn Languages Online!

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   gresk   >   Innholdsfortegnelse


32 [trettito]

På restaurant 4

 


32 [τριάντα δύο]

Στο εστιατόριο 4

 

 

 Click to see the text! arrow
  
Ein pommes frites med ketsjup.
Og to med majones.
Og tre grillpølser med sennep.
 
 
 
 
Kva grønsaker har de?
Har de bønner?
Har de blomkål?
 
 
 
 
Eg likar mais.
Eg likar agurk.
Eg likar tomatar.
 
 
 
 
Likar du òg purrelauk?
Likar du òg surkål?
Likar du òg linser?
 
 
 
 
Likar du òg gulrøter?
Likar du òg brokkoli?
Likar du òg paprika?
 
 
 
 
Eg likar ikkje lauk.
Eg likar ikkje oliven.
Eg likar ikkje sopp.
 
 
 
 


Tonespråk

Nesten alle språka som blir tala over heile verda er tonespråk. I tonespråk er tonehøgda avgjerande. Ho avgjer kva tyding ord eller stavingar har. Dermed høyrer tonen klart saman med ordet. Dei fleste språka som blir tala i Asia er tonespråk. Kinesisk, thai og vietnamesisk er døme på det. I Afrika finst det òg forskjellige tonespråk. I tillegg er fleire innfødde språk i Amerika tonespråk. Indogermanske språk inneheld oftast berre element frå tonespråk. Det gjeld til dømes svensk eller serbisk. Talet på tonehøgder varierer mellom dei ulike språka. På kinesisk skil vil mellom fire ulike tonehøgder. Stavinga «ma» kan dermed ha fire ulike tydingar. Det er mor, hamp, hest, og å skravle. Det er interessant at tonespråka verkar inn på gehøren vår. Studiar på absolutt gehør har vist det. Absolutt gehør er evna til å avgjere presis kva tone vi høyrer. I Europa og Nord-Amerika er det sjeldan å finne absolutt gehør. Færre enn 1 av 10.000 personar har det. Det er annleis hjå dei som har kinesisk som morsmål. Her har ni gonger fleire menneske denne evna. Som småborn hadde vi alle absolutt gehør. Vi brukte nemleg evna til å lære å prate. Diverre mistar dei fleste menneske denne evna att. Tonehøgda er sjølvsagt viktig i musikk òg. Det gjeld spesielt i kulturar som har tonespråk. Dei må halde seg særs presis til melodien. Elles kan ein vakker kjærleikssong bli ei vetlaus vise!

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2020 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - gresk for nybegynnere