Learn Languages Online!
previous page  up Innholdsfortegnelse  next page  | Free download MP3:  ALL  11-20  | Free Android app | Free iPhone app

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   norsk   >   Innholdsfortegnelse


19 [nitten]

På kjøkenet

 


19 [nitten]

På kjøkkenet

 

 

 Click to see the text! arrow
  
Har du fått nytt kjøken?
Kva skal du lage i dag?
Brukar du elektrisk komfyr, eller gasskomfyr?
 
 
 
 
Skal eg skjere opp lauken?
Skal eg skrelle potetene?
Skal eg vaske salaten?
 
 
 
 
Kor er glasa?
Kor er serviset?
Kor er bestikket?
 
 
 
 
Har du ein boksopnar?
Har du ein flaskeopnar?
Har du ein korketrekkar?
 
 
 
 
Kokar du suppa i denne gryta?
Steikjer du fisken i denne panna?
Grillar du grønsakene på denne grillen?
 
 
 
 
Eg dekkjer bordet.
Her er knivane, gaflane og skeiene.
Her er glasa, tallerkane og serviettane.
 
 
 
 

previous page  up Innholdsfortegnelse  next page  | Free download MP3:  ALL  11-20  | Free Android app | Free iPhone app

Læring og læringsmåtar

Den som gjer små framsteg, lærer kanskje på feil måte. Det tyder at han ikkje lærer på ein måte som passar med læringstypen hans. Generelt skil vi mellom fire læringstypar. Desse læringstypane blir knytte til sanseorgana. Det finst auditive, visuelle, kommunikative og motoriske læringstypar. Auditive typar hugsar best det dei høyrer. Dei kan til dømes hugse melodiar lett. Når dei studerer, les dei høgt for seg sjølve. Dei lærer nye ord ved å seie dei. Denne typen pratar ofte med seg sjølv. For desse personane er CDar eller føredrag om emnet til hjelp. Den visuelle typen hugsar best det han ser. For han er det altså viktig å lese opplysingar. Han tek mange notat når han studerer. Han lærer godt ved å bruke bilete, tabellar og biletkort. Denne typen les mykje, og drøymer ofte og sterkt. Han lærer best i vakre omgjevnader. Den kommunikative typen likar best samtaler og ordskifte. Han treng samhandling, altså dialog med andre. Dei spør mange spørsmål i klassa, og likar gruppearbeid. Den motoriske typen lærer best ved å røre på seg. Dei likar best å lære ved å gjere, og vil prøve ut alt mogleg. Dei likar å vere fysisk aktive når dei studerer, eller dei tygg tyggjegummi. Dei likar ikkje teoriar, men eksperiment. Det er viktig å hugse at mest alle menneske er blandingstypar. Det finst ingen som passar til berre ein læringstype. Dessutan lærer vi best når vi bruker alle sansane. Då blir hjernen vår aktivert på fleire måtar og lagrar ny kunnskap betre. Høyr, les, og diskuter nye ord! Og så kan du drive idrett!

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2018 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - norsk for nybegynnere