Learn Languages Online!

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   latvisk   >   Innholdsfortegnelse


22 [tjueto / to og tjue]

Småprat 3

 


22 [divdesmit divi]

Neliela saruna 3

 

 

 Click to see the text! arrow
  
Røykjer du?
Eg gjorde det før.
Men eg røykjer ikkje no lenger.
 
 
 
 
Forstyrrar det deg at eg røykjer?
Nei då, slett ikkje.
Det forstyrrar meg ikkje.
 
 
 
 
Vil du ha noko å drikke?
Ein konjakk?
Nei, eg tek heller ein øl.
 
 
 
 
Reiser du mykje?
Ja, det er mest forretningsreiser.
Men no er vi på ferie.
 
 
 
 
Så varmt det er!
Ja, i dag er det verkeleg varmt.
La oss gå ut på balkongen.
 
 
 
 
I morgon er det fest her.
Kjem de òg?
Ja, vi er inviterte, vi òg.
 
 
 
 


Språk og skrift

Kvart språk tener til kommunikasjon mellom menneske. Når vi pratar, uttrykkjer vi kva vi tenkjer og føler. Når vi gjer det, held vi oss ikkje alltid til reglane i språket vårt. Vi brukar vårt eige språk, daglegtalen vår. Det er annleis i skriftspråket. Her viser alle reglane i språket seg. Skrift er det som gjer eit språk til eit verkeleg språk. Ho gjer språket synleg. Gjennom skriftspråket blir tusenår med kunnskap ført vidare. Difor er skrifta grunnlaget for ein kvar høgt utvikla kultur. Den fyrste skrifta vart funnen for over 5000 år sidan. Det var kileskrifta til sumerarane. Ho vart teikna på tavler av leire. Denne kileskrifta vart brukt i tre tusen år. Omtrent like lenge fanst hieroglyfane til dei gamle egyptarane. Tallause vitskapsfolk har brukt krefter på dei. Hieroglyfane utgjer eit nokså komplisert skriftsystem. Dei vart likevel truleg oppfunne av ein ganske enkel grunn. Det gamle egyptarriket var ovstort og folkerikt. Kvardagen og framfor alt økonomien trong organisering. Skattar og rekneskapar kravde effektiv statsforvalting. Difor utvikla dei gamle egyptarane skriftteikna sine. Alfabetiske skriftsystem, på andre sida, kjem frå sumerarane. Kvart skriftsystem seier mykje om dei menneska som brukar skrifta. Vidare viser kvar nasjon fram eigenskapane sine i skrifta si. Diverre er kunsten å skrive for hand i ferd med å gå tapt. Moderne teknologi gjer handskrift nærast overflødig. Difor: Ikkje berre snakk, men skriv meir òg!

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2020 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - latvisk for nybegynnere