Learn Languages Online!
previous page  up Innholdsfortegnelse  next page  | Free download MP3:  ALL  11-20  | Free Android app | Free iPhone app

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   latvisk   >   Innholdsfortegnelse


18 [atten]

Husvask

 


18 [astoņpadsmit]

Mājas uzkopšana

 

 

 Click to see the text! arrow
  
I dag er det laurdag.
I dag har vi tid.
I dag vaskar vi huset.
 
 
 
 
Eg vaskar badet.
Mannen min vaskar bilen.
Ungane vaskar syklane.
 
 
 
 
Bestemor vatnar blomane.
Ungane ryddar på rommet sitt.
Mannen min ryddar skrivebordet sitt.
 
 
 
 
Eg puttar klesvasken inn i vaskemaskina.
Eg henger opp klede.
Eg stryk tøy.
 
 
 
 
Glasa er skitne.
Golvet er skite.
Opvasken er skiten.
 
 
 
 
Kven vaskar glasa?
Kven støvsyg?
Kven tek oppvasken?
 
 
 
 
 

previous page  up Innholdsfortegnelse  next page  | Free download MP3:  ALL  11-20  | Free Android app | Free iPhone app

Tidleg læring

Framandspråk blir støtt viktigare i dag. Det gjeld òg i yrkeslivet. Difor har talet på menneske som lærer framandspråk stige. Mange foreldre ynskjer dessutan at borna deira lærer framandspråk. Helst når dei er unge. Rundt i verda finst det mange internasjonale grunnskular. Barnehagar med fleirspråkleg oppdraging blir òg meir populære. Å begynne å lære så tidleg, har fleire fordelar. Det er på grunn av utviklinga i hjernen vår. Hjernen byggjer strukturar for språk opp til det fjerde leveåret. Dette nevronnettverket hjelper oss å lære. Seinare i livet blir det ikkje laga slike strukturar så lett. Eldre born og vaksne har mykje vanskelegare for å lære språk. Difor burde vi oppmode til å utvikle hjernen vår tidleg. Kort sagt: Di yngre, di betre. Det finst likevel menneske som kritiserer den tidlege læringa. Dei fryktar at å lære fleire språk overanstrenger borna. I tillegg er det ein fare for at dei ikkje lærer nokon av språka skikkeleg. Frå eit vitskapleg synspunkt er det ikkje grunnlag for denne tvilen. Dei fleste lingvistar og nevropsykologar er optimistiske. Studiane deira viser positive funn. Born synest for det meste at språklæringa er morosam. Og når born lærer språk, tenkjer dei òg på språk. Difor lærer dei morsmålet sitt gjennom å lære framandspråk. Dei har utbyte av denne språkkunnskapen heile livet. Kanskje det endåtil er betre å starte med vanskelege språk. Fordi hjernen til born lærer snøgt og intuitivt. Det spelar inga rolle for hjernen om han lagrar hello, chao eller néih hóu!

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2018 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - latvisk for nybegynnere