Learn Languages Online!
previous page  up Innholdsfortegnelse  next page  | Free download MP3:  ALL  61-70  | Free Android app | Free iPhone app

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   indonesisk   >   Innholdsfortegnelse


67 [sekstisju]

Eigedomspronomen 2

 


67 [enam puluh tujuh]

Kepunyaan 2

 

 

 Click to see the text! arrow
  
brillene
Han har gløymt brillene sine.
Kvar har han brillene sine, då?
 
 
 
 
klokka
Klokka hans er øydelagt.
Klokka heng på veggen.
 
 
 
 
passet
Han har mista passet sitt.
Kvar har han passet sitt, då?
 
 
 
 
dei - deira
Borna kan ikkje finne foreldra sine.
Men der er foreldra deira!
 
 
 
 
du - din
Korleis var turen din, herr Møller?
Kvar er kona di?
 
 
 
 
du - din
Korleis var turen din, fru Smidt?
Kvar er mannen din, fru Smidt?
 
 
 
 
 

previous page  up Innholdsfortegnelse  next page  | Free download MP3:  ALL  61-70  | Free Android app | Free iPhone app

Genetisk mutasjon gjer det mogleg å snakke

Mennesket er den einaste levande skapningen på jorda som kan snakke. Det skil mennesket frå planter og dyr. Sjølvsagt kommuniserer planter og dyr òg med einannan. Men dei meistrar ikkje eit innvikla stavingsspråk. Kvifor kan mennesket snakke? For å snakke, treng du visse fysiske eigenskapar. Desse kroppslege eigenskapane finn vi berre i mennesket. Likevel er det ikkje sjølvsagt at mennesket utvikla dei. I utviklingshistoria hender ingenting utan grunn. Ein stad på vegen byrja mennesket å tale. Vi veit ikkje enno nøyaktig når det hende. Men noko må ha skjedd som gav mennesket språk. Forskarar trur at ein genetisk mutasjon var ansvarleg for det. Antropologar har samanlikna arvestoffet frå ulike levande vesen. Det er godt kjent at eit visst gen påverkar tale. Menneske som har skade på genet, har vanskar med språk. Dei kan ikkje uttrykkje seg godt, og forstår ord dårlegare. Dette genet vart undersøkt hjå menneske, aper og myser. Det er veldig likt hjå menneske og sjimpansar. Det er berre to små skilnader. Men desse skilnadene gjer seg merkande i hjernen. Saman med andre gen, påverkar dei visse hjerneaktivitetar. Difor kan mennesket snakke, og apene ikkje. Men gåta om det menneskelege språket er ikkje løyst med det. Fordi genmutasjonen åleine er ikkje nok for å kunne snakke. Forskarar har implanert den menneskelege genvarianten i myser. Det gav dei ikkje evna til å tale... Men pipinga deira laga litt av eit leven!

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2018 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - indonesisk for nybegynnere