Learn Languages Online!
previous page  up Innholdsfortegnelse  next page  | Free download MP3:  ALL  51-60  | Free Android app | Free iPhone app

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   indonesisk   >   Innholdsfortegnelse


57 [femtisju / sju og femti]

Hjå legen

 


57 [lima puluh tujuh]

Di dokter

 

 

 Click to see the text! arrow
  
Eg har time hjå legen.
Eg har time klokka ti.
Kva er namnet ditt?
 
 
 
 
Set deg på venterommet, er du snill.
Legen kjem snart.
Kvar er du forsikra?
 
 
 
 
Kva kan eg hjelpe deg med?
Har du smerter?
Kvar gjer det vondt?
 
 
 
 
Eg har alltid vondt i ryggen.
Eg har ofte vondt i hovudet.
Eg har av og til vondt i magen.
 
 
 
 
Kan du ta av deg på overkroppen?
Legg deg på benken, er du snill.
Blodtrykket er i orden.
 
 
 
 
Eg gjev deg ei sprøyte.
Eg gjev deg tablettar.
Eg gjev deg ein resept til apoteket.
 
 
 
 

previous page  up Innholdsfortegnelse  next page  | Free download MP3:  ALL  51-60  | Free Android app | Free iPhone app

Lange ord, korte ord

Kor langt eit ord er, avheng av kor mykje informasjon det inneheld. Det er vist ved ein amerikansk studie. Forskarane undersøkte ord frå ti europeiske språk. Det skjedde med hjelp av ei datamaskin. Datamaskina køyrte eit program som analyserte forskjellige ord. Med ein formel rekna maskina ut informasjonsinnhaldet. Resultata var eintydige. Di kortare eit ord er, di mindre informasjon ber det. Det er interessant at vi brukar korte ord oftare enn lange. Grunnen kan vere effektiviteten til språket. Når vi snakkar, konsentrerer vi oss om det viktigaste. Difor må ord som inneheld lite informasjon, vere korte. Det garanterer at vi ikkje brukar for mykje tid på det uviktige. Samenhengen mellom lengd og innhald har endå ein fordel. Det sikrar at informasjonsinnhaldet er konstant. Det tyder at vi kan seie like mykje på eit visst tidsrom. For eksempel kan vi bruke få lange ord. Eller vi kan bruke mange korte ord. Det spelar inga rolle kva vi vel: Informasjonsinnhaldet er det same. Difor får språket vårt ein regelbunden rytme. Det gjer det lettare for tilhøyrarar å fylgje oss. Viss informasjonsmengda alltid varierte, ville det vere vanskeleg. Tilhøyrarane ville ha vanskar med å tilpasse seg språket vårt. Dermed ville forståinga vorte vanskelegare. Den som vil bli best mogleg forstått, bør velje korte ord. Sidan korte ord blir betre forstått enn lange. Difor gjeld prinsippet "keep it short and simple!" Forkorta: KISS!

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2018 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - indonesisk for nybegynnere