Learn Languages Online!
previous page  up Innholdsfortegnelse  next page  | Free download MP3:  ALL  81-90  | Free Android app | Free iPhone app

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   estisk   >   Innholdsfortegnelse


85 [åttifem]

Spørsmål – fortid 1

 


85 [kaheksakümmend viis]

Küsimused – minevik 1

 

 

 Click to see the text! arrow
  
Kor mykje har du drukke?
Kor mykje har du jobba?
Kor mykje skreiv du?
 
 
 
 
Korleis har du sove?
Korleis greidde du prøva?
Korleis fann du vegen?
 
 
 
 
Kven prata du med?
Kven gjorde du avtale med?
Kven feira du bursdagen med?
 
 
 
 
Kvar har du vore?
Kvar har du budd?
Kvar har du arbeidd?
 
 
 
 
Kva har du tilrådd?
Kva har du ete?
Kva fekk du vite?
 
 
 
 
Kor fort køyrde du?
Kor lenge har du floge?
Kor høgt har du hoppa?
 
 
 
 
 

previous page  up Innholdsfortegnelse  next page  | Free download MP3:  ALL  81-90  | Free Android app | Free iPhone app

Dei afrikanske språka

I Afrika blir det tala særs mange ulike språk. Ikkje noko anna kontinent har så mange forskjellige språk. Mangfaldet av afrikanske språk er imponerande. Vi reknar med at det finst om lag 2.000 afrikanske språk. Men alle desse språka er ikkje like! Tvert imot - ofte er dei heilt ulike! Dei afrikanske språka høyrer til fire ulike språkfamiliar. Nokre afrikanske språk har eigenskapar som er unike i verda. Til dømes finst det lydar som utlendingar ikkje greier å imitere. Landegrensene i Afrika er ikkje alltid språkgrenser. I nokre område er det særs mange ulike språk. I Tanzania, til dømes, blir det brukt språk frå alle fire språkfamiliane. Eit unnatak mellom dei afrikanske språka er afrikaans. Dette språket oppsto i kolonitida. På den tida møtte folk frå ulike kontinent kvarandre. Dei kom frå Afrika, Europa og Asia. Gjennom denne kontaktsituasjonen utvikla det seg eit nytt språk. Afrikaans er påverka av mange språk. Det er mest i slekt med nederlandsk. I dag blir afrikaans brukt mest i Sør-Afrika og Namibia. Det mest uvanlege afrikanske språket er trommespråket. Med trommer kan du i teorien overføre ein kvar bodskap. Dei språka som blir overført med trommer, er tonespråk. Meininga på orda eller stavingane kjem an på tonehøgda. Det tyder at trommene må imitere desse tonane. Til og med born i Afrika forstår trommespråket. Og det er veldig effektivt... Du kan høyre trommespråket på ein avstand opp til 12 kilometer!

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2018 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - estisk for nybegynnere