Learn Languages Online!

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   litauisk   >   Innholdsfortegnelse


54 [femtifire]

Handle

 


54 [penkiasdešimt keturi]

Pirkiniai

 

 

 Click to see the text! arrow
  
Eg vil kjøpe ein presang.
Men ikkje noko alt for dyrt.
Kanskje ei veske?
 
 
 
 
Kva farge vil du ha?
Svart, brun eller kvit?
Stor eller lita?
 
 
 
 
Kan eg få sjå på denne?
Er det skinn?
Eller er det kunststoff?
 
 
 
 
Skinn, sjølvsagt.
Det er svært god kvalitet.
Og denne veska er verkeleg rimeleg.
 
 
 
 
Eg likar ho.
Eg tek ho.
Kan eg eventuelt få byte ho?
 
 
 
 
Sjølvsagt.
Vi kan pakke ho inn som presang.
Der borte er kassa.
 
 
 
 


Kven forstår kven?

Det er om lag 7 milliardar menneske i verda. Dei har alle eit språk. Uheldigvis er det ikkje alltid same språket. Så for å prate med folk frå andre nasjonar, må vi lære språk. Det er ofte særs slitsamt. Men det finst språk som liknar mykje på kvarandre. Språkbrukarane forstår kvarandre utan å meistre det andre språket. Dette fenomenet heiter gjensidig forståing. Vi skil mellom to variantar. Den fyrste varianten er munnleg gjensidig forståing. Her forstår språkbrukarane einannan, når dei snakkar. Likevel forstår dei ikkje den skriftlege forma av det andre språket. Det er fordi språka har ulike skriftformer. Eit døme på det er språka hindi og urdu. Skriftleg gjensidig forståing er den andre varianten. Her blir det andre språket forstått i skriftleg form. Men når språkbrukarane snakkar, forstår dei einannan dårleg. Grunnen til det er at dei har veldig ulik uttale. Nederlandsk og tysk er døme på det. Dei nærast skylde språka har båe variantane. Det tyder at dei er gjensidig forståelege både munnleg og skriftleg. Russisk og ukrainsk, eller thai og laotisk, er døme på det. Men det finst òg ei asymmetrisk for for gjensidig forståing. Det er tilfellet der språkbrukarane forstår kvarandre ulikt godt. Portugisarar forstår spanjolar betre enn spanjolar forstår portugisarar. Og austerrikarar forstår tyskarar betre enn andre vegen. I desse tilfella er uttalen eller dialekten eit hinder. Den som verkeleg vil ha gode samtaler, må lære noko nytt...

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2020 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - litauisk for nybegynnere