Learn Languages Online!
previous page  up Innholdsfortegnelse  next page  | Free download MP3:  ALL  51-60  | Free Android app | Free iPhone app

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   italiensk   >   Innholdsfortegnelse


58 [femtiåtte]

Kroppsdelar

 


58 [cinquantotto]

Parti del corpo

 

 

 Click to see the text! arrow
  
Eg teiknar ein mann.
Fyrst hovudet.
Mannen har på seg ein hatt.
 
 
 
 
Du ser ikkje håret.
Du ser ikkje øyro heller.
Du ser ikkje ryggen heller.
 
 
 
 
Eg teiknar augo og munnen.
Mannen dansar og ler.
Mannen har lang nase.
 
 
 
 
Han har ein stokk i handa.
Han har òg eit skjerf rundt halsen.
Det er vinter, og det er kaldt.
 
 
 
 
Armane er kraftige.
Beina er òg kraftige.
Mannen er av snø.
 
 
 
 
Han har inga bukse på seg, og ingen frakk.
Men mannen frys ikkje.
Det er ein snømann.
 
 
 
 
 

previous page  up Innholdsfortegnelse  next page  | Free download MP3:  ALL  51-60  | Free Android app | Free iPhone app

Språket til forfedrane våre

Språkforskarar kan analysere moderne språk. Dei brukar ulike metodar til å gjere det. Men korleis snakka menneske for fleire tusen år sidan? Det er mykje vanskelegare å svare på det spørsmålet. Likevel har forskarane sysla med det lenge. Dei vil utforske korleis folk snakka tidlegare. For å få til det, prøver dei å rekonstruere gamle språkformer. Amerikanske forskarar har no gjort ei spennande oppdaging. Dei analyserte meir enn 2.000 språk. Dei analyserte spesielt setningsbygnaden til språka. Funna deira var særs interessante. Om lag halvparten av språka hadde setningsbygnaden S-O-V. Det vil seie at det gjeld prinsippet subjekt, objekt, verb. Meir enn 700 språk fylgte mønsteret S-V-O. Og om lag 160 språk brukte systemet V-S-O. Berre om lag 40 språk brukte V-O-S. 120 språk hadde blandingsformer. På andre sida er O-V-S og O-S-V mykje sjeldnare system. Dei fleste av dei undersøkte språka brukar altså S-O-V-prinsippet. Til dei høyrer til dømes persisk, japansk og tyrkisk. Likevel fylgjer dei fleste levande språka S-V-O-mønsteret. I den indogermanske språkfamilien dominerer denne setningsbygnaden. Forskarane trur at S-O-V-modellen vart brukt tidlegare. Alle språk er bygde på dette systemet. Men så skilde språka seg frå kvarandre. Vi veit ikkje korleis det skjedde. Men variasjonane i setningsbygnaden må ha hatt ein grunn. For i evolusjonen vil berre det som har fordelar, overleve...

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2018 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - italiensk for nybegynnere