Learn Languages Online!

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   ungarsk   >   Innholdsfortegnelse


44 [førtifire]

Gå ut på kvelden

 


44 [negyvennégy]

Esti szórakozás

 

 

 Click to see the text! arrow
  
Er det eit diskotek her?
Er det ein nattklubb her?
Er det ein pub her?
 
 
 
 
Kva går på teateret i kveld?
Kva går på kino i kveld?
Kva er det på TV i kveld?
 
 
 
 
Er det billettar att til teateret?
Er det billettar att til kinoen?
Er det billettar att til fotballkampen?
 
 
 
 
Eg vil sitje heilt bakarst.
Eg vil sitje ein plass i midten.
Eg vil sitje heilt framme.
 
 
 
 
Kan du anbefale noko?
Når byrjar forestillinga?
Kan du skaffe meg ein billett?
 
 
 
 
Finst det ein golfbane her omkring?
Finst det ein tennisbane her omkring?
Finst det ein svømmehall her omkring?
 
 
 
 


Det maltesiske språket

Mange europearar som vil bli flinkare i engelsk, reiser til Malta. Det er fordi engelsk er det offisielle språket i denne søreuropeiske øystaten. Og Malta er kjent for dei mange språkskulane. Men det er ikkje dette som gjer landet interessant for språkforskarar. Dei er interesserte i Malta av andre grunnar. Republikken Malta har nemleg eit anna offisielt språk: maltesisk (eller malti). Dette språket utvikla seg frå ein arabisk dialet. Dermed er malti det einaste semittiske språket i Europa. Syntaksen og fonologien er likevel annleis enn i arabisk. Maltesisk blir òg skrive med latinsk skrift. Alfabetet inneheld rett nok nokre særskilte teikn. Og bokstavane c og y blir ikkje brukte. Ordforrådet innehelt element frå mange forskjellige språk. I tillegg til arabisk, er italiensk og engelsk viktige. Men fønikarane og kartagarane påverka òg språket. Nokre forskarar ser difor på maltesisk som eit kreolspråk. Gjennom historia har Malta vore okkupert av mange ulike makter. Alle lét etter seg spor på øyene Malta, Gozo og Comino. I lange tider var malti berre eit lokalt daglegspråk. Likevel var det alltid morsmålet til dei ‘ekte’ maltesarane. Det vart berre lært vidare munnleg. Fyrst i det 19. hundreåret byrja dei å skrive på språket. I dag blir det rekna med om lag 330.000 morsmålsbrukarar. Malta har vore medlem i den europeiske unionen sidan 2004. Dermed har malti vorte eit av dei offisielle EU-språka. Men for maltesarane er det heilt enkelt ein del av kulturen deira. Og dei blir glade når utlendingar vil lære malti. For det er rikeleg med språkskular på Malta...

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2020 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - ungarsk for nybegynnere