Learn Languages Online!

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   kroatisk   >   Innholdsfortegnelse


79 [syttini]

Adjektiv 2

 


79 [sedamdeset i devet]

Pridjevi 2

 

 

 Click to see the text! arrow
  
Eg har ein blå kjole på meg.
Eg har ein raud kjole på meg.
Eg har ein grøn kjole på meg.
 
 
 
 
Eg kjøper ei svart veske.
Eg kjøper ei brun veske.
Eg kjøper ei kvit veske.
 
 
 
 
Eg treng ein ny bil.
Eg treng ein rask bil.
Eg treng ein komfortabel bil.
 
 
 
 
Der oppe bur det ei gamal dame.
Der oppe bur det ei tjukk dame.
Der nede bur det ei nysgjerrig dame.
 
 
 
 
Gjestane våre var hyggelege folk.
Gjestane våre var høflege folk.
Gjestane våre var interessante folk.
 
 
 
 
Eg har snille born.
Men naboane har frekke born.
Er borna dine lydige?
 
 
 
 


Eitt språk, mange variantar

Sjølv om vi berre snakkar eitt språk, snakkar vi mange språk. Fordi ingen språk er lukka system. I kvart språk finn vi mange ulike dimensjonar. Språket er eit levande system. Språkbrukarane tilpassar seg alltid samtalepartnaren sin. Difor varierer menneske det språket dei snakkar. Desse variantane viser seg i ulike former. Til dømes har kvart språk ei historie. Ho har forandra seg, og vil halde fram med å forandre seg. Det skjønar du på at gamle menneske snakkar annleis enn unge. Og i dei fleste språk finst det ulike dialektar. Mange dialektbrukarar kan tilpasse seg omgjevnadene sine. I visse situasjonar brukar dei standardspråket. Ulike sosiale grupper har ulike språk. Ungdomsspråket eller jegerspråket er døme på det. Dei fleste menneske snakkar annleis på jobb enn dei gjer heime. Mange brukar ein fagsjargong på jobben. Det er òg skilnader på munnleg og skriftleg språk. Talespråket er vanlegvis mykje enklare enn skriftspråket. Denne skilnaden kan vere ganske stor. Det er tilfellet når skriftspråka ikkje endrar seg på lang tid. Då må brukarane fyrst lære å bruke språket skriftleg. Ofte er språket til menn og kvinner ulikt. I vestlege samfunn er ikkje skilnaden så stor. Men det finst land der kvinner pratar heilt annleis enn menn. I fleire kulturar har òg høflegheit eigne språklege former. Å snakke er dermed slett ikkje så lett! Vi må vere merksame på fleire ting på likt...

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2020 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - kroatisk for nybegynnere