Learn Languages Online!

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   kroatisk   >   Innholdsfortegnelse


78 [syttiåtte]

Adjektiv 1

 


78 [sedamdeset i osam]

Pridjevi 1

 

 

 Click to see the text! arrow
  
ei gamal dame
ei tjukk dame
ei nysgjerrig dame
 
 
 
 
ein ny bil
ein rask bil
ein komfortabel bil
 
 
 
 
ein blå kjole
ein raud kjole
ein grøn kjole
 
 
 
 
ei svart veske
ei brun veske
ei kvit veske
 
 
 
 
hyggelege folk
høflege folk
interessante folk
 
 
 
 
snille born
frekke born
lydige born
 
 
 
 


Datamaskiner kan rekonstruere ord dei har høyrt

Å lese tankar er ein gamal draum hjå menneske. Alle vil gjerne vite kva ein annan tenkjer. Denne draumen har ikkje vorte verkeleg enno. Sjølv med moderne teknologi kan vi ikkje lese tankar. Det andre tenkjer, er og blir ein løyndom. Men vi kan kjenne att kva andre høyrer! Det har vorte vist i eit vitskapleg eksperiment. Forskarar har greidd å rekonstruere ord som er høyrte. For å få til dette, analyserte dei hjernebylgjene til forsøkspersonane. Når vi høyrer noko, blir hjernen vår aktiv. Han må handsame det han har høyrt. Då oppstår det eit visst aktivitetsmønster. Dette mønsteret kan du ta opp med elektrodar. Og dette opptaket kan handsamast vidare! Med ei datamaskin kan det gjerast om til eit lydmønster. Slik kan du identifisere det ordet som er høyrt. Prinsippet fungerer på alle ord. Kvart ord vi høyrer, produserer eit visst signal. Dette signalet heng alltid saman med lyden av ordet. Så det trengst ‘berre’ at det blir omsett til eit akustisk signal. For viss du kjenner lydmønsteret, kjenner du ordet. I eksperimentet høyrte forsøkspersonane både ekte og falske ord. Ein del av orda dei høyrte, eksisterte altså ikkje. Likevel kunne desse orda òg bli rekonstruerte. Dei attkjende orda kan lesast opp av ei datamaskin. Det er òg mogleg å berre sjå dei på skjermen. No vonar forskarane at dei kan lære å forstå språksignala betre. Draumen om tankelesing går altså vidare...

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2020 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - kroatisk for nybegynnere