Learn Languages Online!
previous page  up Innholdsfortegnelse  next page  | Free download MP3:  ALL  81-90  | Free Android app | Free iPhone app

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   tsjekkisk   >   Innholdsfortegnelse


89 [åttini]

Imperativ 1

 


89 [osmdesát devět]

Rozkazovací způsob 1

 

 

 Click to see the text! arrow
  
Du er lat - ikkje ver så lat!
Du søv for lenge - ikkje søv så lenge!
Du kjem så seint - ikkje kom så seint!
 
 
 
 
Du ler så høgt - ikkje le så høgt!
Du snakkar så lågt - snakk høgare!
Du drikk for mykje - ikkje drikk så mykje!
 
 
 
 
Du røykjer for mykje - ikkje røyk så mykje!
Du jobbar for mykje - ikkje jobb så mykje!
Du køyrer for fort - ikkje køyr så fort!
 
 
 
 
Stå opp, herr Møller!
Set deg, Herr Møller!
Bli sitjande, Herr Møller!
 
 
 
 
Ver tolmodig!
Ta deg tid!
Vent litt!
 
 
 
 
Ver forsiktig!
Ver presis!
Ikkje ver dum!
 
 
 
 
 

previous page  up Innholdsfortegnelse  next page  | Free download MP3:  ALL  81-90  | Free Android app | Free iPhone app

Det kinesiske språket

Kinesisk er språket med flest brukarar i verda. Men det finst ikkje eitt einskilt kinesisk språk. Det finst fleire kinesiske språk. Dei høyrer alle til den sino-tibetanske språkfamilien. Til saman talar om lag 1,3 milliardar menneske kinesisk. Dei fleste av desse bur i folkerepublikken Kina og i Taiwan. Det finst også mange land med kinesiskspråklege minoritetar. Det største kinesiske språket er høgkinesisk. Dette standardiserte høgnivåspråket blir òg kalla mandarin. Mandarin er det offisielle språket i folkerepublikken Kina. Dei andre kinesiske språka blir ofte kalla dialektar. Mandarin blir også brukt i Singapore og Taiwan. Mandarin er morsmål for 850 millionar menneske. Men det blir forstått av nesten alle kinesisktalande menneske. Difor brukar folk med ulike dialektar mandarin til kommunikasjon. Alle kinesarar har ei felles skrift. Den kinesiske skrifta er 4.000 til 5.000 år gamal. Dermed har kinesisk den lengste litterære tradisjonen. Andre asiatiske kulturar har òg teke i bruk den kinesiske skrifta. Kinesiske skriftteikn er vanskelegare enn alfabetsystem. Men munnleg kinesisk er ikkje så komplisert. Grammatikken er relativt rask å lære. Difor kan studentar gjere raske framsteg. Og fleire og fleire menneske vil lære kinesisk! Som framandspråk blir det viktigare og viktigare. Det er tilbod om kinesiskkurs overalt i dag. Kast deg utpå du òg! Kinesisk er språket for framtida...

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2018 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - tsjekkisk for nybegynnere