Learn Languages Online!

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   tsjekkisk   >   Innholdsfortegnelse


23 [tjuetre]

Å lære framandspråk

 


23 [dvacet tři]

Studium cizích jazyků

 

 

 Click to see the text! arrow
  
Kvar har du lært spansk?
Snakkar du portugisisk òg?
Ja, og så kan eg litt italiensk.
 
 
 
 
Eg synest du snakkar veldig bra.
Språka liknar på kvarandre.
Eg kan godt forstå dei.
 
 
 
 
Men å snakke og skrive er vanskeleg.
Eg gjer mange feil.
Det er fint om du rettar på meg.
 
 
 
 
Uttalen din er veldig bra.
Du har litt aksent.
Eg kan høyre kvar du kjem frå.
 
 
 
 
Kva er morsmålet ditt?
Går du på språkkurs?
Kva lærebok brukar du?
 
 
 
 
Eg hugsar ikkje i farten.
Eg hugsar ikkje tittelen.
Eg har gløymt det.
 
 
 
 


Germanske språk

Dei germanske språka høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien. Denne språkgruppa har fonologiske kjenneteikn. Forskjellar i lydsystemet skil desse språka frå andre språk. Det finst om lag 15 germanske språk. Dei er morsmålet til 500 millionar menneske over heile verda. Talet på einskildspråk er vanskeleg å fastsetje. Ofte er det uklart om det handlar om sjølvstendige språk eller dialektar. Det viktigaste germanske språket er engelsk. 350 millionar menneske i verda har det som morsmål. Så kjem tysk og nederlandsk. Dei germanske språka blir delte inn i ulike undegrupper. Det finst nordgermanske, vestgermanske og austgermanske språk. Nordgermanske språk er dei skandinaviske språka. Engelsk, tysk og nederlandsk er dei vestgermanske språka. Dei austgermanske språka er alle utdøydde. Til desse høyrte til dømes gotisk. Kolonialiseringa har breidd dei germanske språka ut over heile verda. Difor blir nederlandsk forstått i Karibia og Sør-Afrika. Alle dei germanske språka kjem frå same rota. Men det er ikkje klart om det fanst eit einskapleg opphavsspråk. Og elles finst det berre nokre få gamle germanske tekstar. Ulikt dei romanske språka, finst det knapt kjelder. Difor er det vanskelegare å forske på dei germanske språka. Vi veit nokså lite om kulturen til germanarane òg. Dei germanske folka var ikkje éin einskap. Det fanst ingen sams identitet. Difor må vitskapen stole på andre kjelder. Utan grekarane og romarane ville vi visst lite om germanarane!

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2020 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - tsjekkisk for nybegynnere