29 [tjueni] |
På restaurant 1
|
![]() |
29 [dwadzieścia dziewięć] |
||
W restauracji 1
|
| |||||
Er dette bordet ledig?
| |||||
Kan eg få menyen?
| |||||
Kva vil du anbefale?
| |||||
Eg vil gjerne ha ein øl.
| |||||
Eg vil gjerne ha mineralvatn.
| |||||
Eg vil gjerne ha appelsinjus.
| |||||
Eg vil gjerne ha kaffi.
| |||||
Eg vil gjerne ha kaffi med mjølk.
| |||||
Med sukker, er du snill.
| |||||
Eg vil gjerne ha ein te.
| |||||
Eg vil gjerne ha ein te med sitron.
| |||||
Eg vil gjerne ha ein te med mjølk.
| |||||
Har du sigarettar?
| |||||
Har du eit oskebeger?
| |||||
Har du fyr?
| |||||
Eg manglar ein gaffel.
| |||||
Eg manglar ein kniv.
| |||||
Eg manglar ei skei.
| |||||
Grammatikk hindrar løgner!Alle språk ar sine spesielle kjenneteikn. Nokre har òg eigenskapar som er unike i heile verda. Trio er eit slikt språk. Trio er eit søramerikansk indianarspråk. Det blir tala av rundt 2000 menneske i Brasil og Surinam. Det spesielle med Trio er grammatikken. Det er fordi den tvingar talaren til berre å seie sanninga. Den såkalla frustrativ-endinga har ansvaret for det. Denne endinga blir lagt til verb i trio. Ho viser kor sann ein setning er. Eit enkelt døme frå trio viser tydeleg korleis det fungerer. La oss ta setningen «Barnet gjekk til skulen». I trio må talaren leggje ei bestemt ending til verbet. Med denne endinga kan han seie om han sjølv såg barnet eller ikkje. Men han kan òg uttrykkje om han berre har høyrt det frå andre. Eller han seier med endinga at han veit at det er ei løgn. Så talaren må binde seg til det han seier. Det tyder at han må fortelje til andre kor sann utsegna hans er. Slik kan han ikkje halde noko hemmeleg eller skjønnmåle det. Viss ein trio-brukar ikkje tek med endinga, blir han sett på som løgnar. I Surinam er nederlandsk det offisielle språket. Omsetjingar frå nederlandsk til trio er ofte problematiske. Fordi dei fleste språk langt frå er så presise. Dei gjer det mogleg for brukarane å vere uklåre. Difor bind ikkje tolkane seg til det dei seier. Å kommunisere med trio-brukarar blir difor vanskeleg. Kanskje frustrativ-endinga kunne ha noko føre seg i andre språk òg? Ikkje berre i politikkspråket... |
Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only! LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here. Imprint - Impressum © Copyright 2007 - 2020 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved. Contact book2 nynorsk - polsk for nybegynnere
|