Learn Languages Online!
previous page  up Innholdsfortegnelse  next page  | Free download MP3:  ALL  81-90  | Free Android app | Free iPhone app

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   kroatisk   >   Innholdsfortegnelse


81 [åttiein]

Fortid 1

 


81 [osamdeset i jedan]

Prošlost 1

 

 

 Click to see the text! arrow
  
skrive
Han skreiv eit brev.
Og ho skreiv eit kort.
 
 
 
 
lese
Eg las eit magasin.
Og ho las ei bok.
 
 
 
 
ta
Han tok ein sigarett.
Ho tok eit stykke sjokoladekake.
 
 
 
 
Han var utru, men ho var trufast.
Han var lat, men ho var flittig.
Han var fattig, men ho var rik.
 
 
 
 
Han hadde ingen pengar, berre gjeld.
Han hadde ikkje flaks, berre uflaks.
Han lukkast ikkje, han berre mislukkast.
 
 
 
 
Han var ikkje fornøgd, men misfornøgd.
Han var ikkje lukkeleg, men ulukkeleg.
Han var ikkje sympatisk, men usympatisk.
 
 
 
 

previous page  up Innholdsfortegnelse  next page  | Free download MP3:  ALL  81-90  | Free Android app | Free iPhone app

Korleis born lærer å snakke rett

Så snart eit menneske er fødd, kommuniserer det med andre. Babyar skrik når dei vil noko. Når dei er eit par månader gamle, kan dei allereie seie nokre enkle ord. Når dei er to år gamle, kan dei seie setningar på om lag tre ord. Du kan ikkje påverke når born byrjar å snakke. Men du kan påverke kor godt dei lærer morsmålet sitt! For å få til det, er det nokre ting du må passe på. Det viktigaste er at barnet som skal lære, alltid er motivert. Barnet må forstå at det oppnår noko når det snakkar. For speborn er eit smil ei positiv tilbakemelding. Større born søkjer dialog med omverda si. Dei rettar seg inn mot korleis menneske rundt dei snakkar. Difor er språkkunna til foreldra og andre oppdragarar viktig. Og born må lære at språket er verdifullt! Difor bør dei alltid ha det moro. Høgtlesing viser borna kor spennande språk kan vere. Foreldre bør gjere det så mykje som mogleg med barnet sitt. Når eit barn opplever mykje, vil det snakke om det. Born som veks opp tospråklege, treng faste reglar. Dei må vite kva språk som kan brukast med kven. Slik kan dei lære å skilje mellom språka. Når borna byrjar på skule, endrar språket deira seg. Dei lærer eit nytt omgangsspråk. Då er det viktig at foreldra passar på korleis barnet deira snakkar. Studiar viser at det fyrste språket pregar hjernen for alltid. Det vi lærer som born, er med oss resten av livet. Den som lærer morsmålet sitt godt, har nytte av det seinare. Han lærer nye ting snøggare og betre - ikkje berre framandspråk...

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2018 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - kroatisk for nybegynnere