Learn Languages Online!

Home  >   50languages.com   >   nynorsk   >   kroatisk   >   Innholdsfortegnelse


60 [seksti]

I banken

 


60 [šezdeset]

U banci

 

 

 Click to see the text! arrow
  
Eg vil opne ein konto.
Her er passet mitt.
Og her er adressa mi.
 
 
 
 
Eg vil setje inn pengar på kontoen min.
Eg vil ta ut pengar frå kontoen min.
Eg vil gjerne ha ei kontoutskrift.
 
 
 
 
Eg vil løyse inn ein reisesjekk.
Kor mykje gebyr er det?
Kvar skal eg skrive under?
 
 
 
 
Eg ventar ei overføring frå Tyskland.
Her er kontonummeret mitt.
Er pengane komne fram?
 
 
 
 
Eg vil gjerne veksle desse pengane.
Eg treng amerikanske dollar.
Kan eg få det i små setlar?
 
 
 
 
Finst det ein minibank her?
Kor mykje pengar kan eg ta ut?
Kva kredittkort kan eg bruke?
 
 
 
 


Finst det ein universell grammatikk?

Når vi lærer eit språk, lærer vi òg grammatikken. Når born lærer morsmål, skjer det automatisk. Dei merkar ikkje at hjernen lærer forskjellige reglar. Trass det lærer dei morsmålet sitt rett frå starten. Av di det finst mange språk, finst det mange grammatikkar òg. Men finst det ein universell grammatikk? Vitskapen har sysla med det spørsmålet lenge. Nye studiar kan gje eit svar. Fordi hjerneforskarar har gjort ei interessant oppdaging. Dei lét testpersonar lære grammatikkreglar. Desse testpersonane var studentar ved språkskular. Dei studerte japansk eller italiensk. Halvparten av grammatikkreglane var fri fantasi. Men det visste ikkje testpersonane. Etterpå fekk testpersonane sjå setningar. Dei måtte vurdere om setningane var korrekte eller ikkje. Medan dei jobba med setningane, vart hjernen deira analysert. Det vil seie at forskarane mælte aktiviteten i hjernen. På denne måten kunne dei sjå korleis hjernen reagerte på setningane. Og det ser ut som hjernen vår kjenner att grammatikk! Når vi arbeider med språk, er visse område i hjernen aktive. Broca-senteret er eitt av dei. Det ligg i venstre storhjernen. Når studentane arbeidde med dei ekte grammatikkreglane, var det særs aktivt. Med dei oppfunne reglane minka aktiviteten markant. Så det ser ut som alle grammatikkar har det same grunnlaget. Fordi dei alle fylgjer dei same prinsippa. Og desse prinsippa ligg i oss...

 


Downloads are FREE for private use, public schools and for non-commercial purposes only!
LICENCE AGREEMENT. Please report any mistakes or incorrect translations here.
Imprint - Impressum  © Copyright 2007 - 2020 Goethe Verlag Starnberg and licensors. All rights reserved.
Contact
book2 nynorsk - kroatisk for nybegynnere